Album: Julen Er Her

Det lyser i stille grender
Av tindrande ljos i kveld
Og tusende barnehender
Mot himmelen ljosa held
Og glade med song dei helsar
Sin broder i himmelhall
Som kom og vart heimsens Frelsar
Som barn i ein vesal stall
Der låg han med høy til pute
Og gret på si ringe seng
Men englane song der ute
På Betlehems aude eng
Der song dei for fyrste gongen
Ved natt over Davids by Den evige himmelsongen
Som alltid er ung og ny

Comments